
Bilete er teke det året drosjesentralen blei etablert. Det største huset i bakgrunnen er Solstrand pensjonat. Her står drosjene fint oppstilte og klare or å rygge ut i strandgata når dei fekk tur.
Bilane frå venstre er Olgar Rise sin Chevrolet 1954, Johannes Riise sin Ford 1954, Anders Riise sin Chevrolet 1953 og Leif Brandal (Volle-leif) sin Ford 1953.
Personane er frå venstre, Volle-leif, Edgar Johnsen som køyrde for Johannes Riise.
Den femte drosja i Hareid, som også var den første, Gullvald Eilertsen var ikkje med i sentralen. Han hadde to år tidlegare invistert i privat radiosamband som han tilbaud dei andre å vere med på, men til det takka dei nei.
Kjelde «Bil og transport i Hareid og Ulstein 1916-1961».